fredag, april 25, 2008

Noregs Mållags nynorsk barnelitteraturpris 2007 til Godnattboka !

Grunngjeving frå juryen for Nynorsk barnelitteraturpris:
Nynorsk barnelitteraturpris for 2007 går til Godnattboka (Skald forlag). Skald forlag har med denne utgjevinga laga ei flott bruksbok til glede og nytte for både vaksne og barn i fleire aldrar. Boka inneheld 22 nyskrivne forteljingar, og forlaget har fått både etablerte forfattarar og debutantar til å skrive. Resultatet er eit overflødigheitshorn av variantar over godnatt-historia, med både pedagogiske, poetiske, kreative og beintfram nifse løysingar på oppgåva. Og blandinga av proffe skrivekunstnarar og friske debutantar fungerer ypparleg som ein mangslungen forteljestafett.

Forlaget skal rosast for initiativet til, arbeidet med og gjennomføringa av denne utgjevinga. Ei anna som fortener særskilt ros, er Gunvor Rasmussen, som har laga illustrasjonane. Det er ei stor utfordring å illustrere eit så omfattande og variert innhald som dette, men Rasmusen har løyst det på beste vis. Den særeigne, uttrykksfulle og ofte pussige streken hennar treff heile vegen tona i forteljingane, og bind boka fint saman.

Godnattboka kan godt ende opp som eit moderne standardverk – på nattbordet. Slik har det i alle fall vorte heime hos medlemmene av prisnemnda i år.


Hege Lothe

http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10197&id=2548

1 kommentar:

Silje sa...

Eg vandra heilt tilfeldig omkring i bokbutikken når "godnattboka" fanga min oppmerksomhet. Det som greip meg med denne boka var dei fabelaktige teikningane!
Eg kjøpte straks denne boka og tok den med heim til mine nieser. Dei blei også straks bergtatt av denne boka med sine særeigne teikningar. Dei likte særlig den rosa prinsessa og den kule tigeren.
Du er virkelig ei talentfull dama som kjem til å gleda mange med dine kreasjoner!
Mvh Silje Thomassen